Norsk Hereford

naturlig god

  • Til Tyr
  • Bli medlem
  • Historisk om rasen
    • Fotoalbum
    • Dikt/sang om Hereford
  • Besetningsannonser
  • Seminokser 2018
  • Avl
    • Oksekatalogen 2019
    • Aktiv Avlsbesetning
    • Avlsplan
    • Årets testokser på Staur
  • Om raselaget
    • Styret
    • Årsmeldinger
  • Livdyr
  • Profilartikkler
  • Mentor

Hereford på utmarksbeite

12. juni 2018 av Anne Dieset

Yngve Rekdal ved NIBIO på Ås, har utført en omfattende beitetaksering av ulike beitegrunnlag fra utmarksbeite, i tilknytning optibiff prosjektet.

Av: Yngve Rekdal

Berre tre prosent av landet vårt er jordbruksareal. Det meste er utmark. Her ligg det store areal som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr. Mange som startar med ammeku, ønskjer å bruke utmarka som del av fôrplana. Tilveksttal som no begynner å foreligge viser at det her kan oppnåast svært gode resultat.    

…haustinga kan berre gjerast av beitedyr

Men same prinsippa gjeld i utmark som i fjøset. Kvaliteten på fôret er avgjerande for sluttresultatet. I norsk utmark varierer beitekvaliteten svært mykje. Dette mest på grunn av ulik tilgang på vatn og næring i jordsmonnet som er nødvendig for plantevokster.

Vurdere kvaliteten

Å vurdere beitekvalitet kan gjerast komplisert, men òg svært enkelt. Det er i første rekkje gras og urter som er beiteplanter, slik at ved å sjå på forholdet mellom gras/urter på den eine sida og lav/lyng på den andre sida kan ein koma langt. For ei enkel vurdering deler vi marka i tre marktypar som kvar har ulik beiteverdi etter ein tredelt skala.

  1. Lav- og lyngrik mark er den fattigaste marka. Her er det så lite beiteplanter at det er lite å hente for beitedyr. Dette er mindre godt beite. I norsk skog utgjer denne marktypen 39 % av arealet. I Hedmark fylke er dette dominerande type på skogsmark og furu er oftast treslaget her.
  2. Blåbærmark inntek den middels rike marka. Her dominerer blåbær og den viktige grasarten smyle. Dette er ikkje det beste beitegraset, men er viktig fordi det er så mykje av den. Blåbærmark set vi som godt beite, og dette er dominerande marktype i norsk skog med 43 % av arealet.
  3. Gras- og urterik mark finn vi på den rikaste marka og dette er svært godt beite. Denne marktypen utgjer 19 % av skogarealet. I naturtilstand er det her dominans av høge urter eller bregner som ikkje er gode beiteplanter. Beiting påverkar vegetasjonen gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Grasartar tåler denne påverknaden best og areal som blir beita hardt vil utvikle eit fint grasdekke. Derfor må utmarka brukast skal ein ta vare på den grasrike vegetasjonen skapt av tidlegare generasjonars langt hardare utmarkshausting.

Ulike naturvilkår

I det langstrakte landet vårt er det svært ulike naturvilkår som møter beitedyr frå kyst, til skog og til fjell. Underteikna deltok sist sommar i prosjektet «Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr», leia av Laila Aass ved NMBU. Mi oppgåve var å vurdere utmarksbeitet til 16 buskapar. Dette førte meg gjennom landet frå Bodø til Sirdal. Fleire av buskapane var Herefordrase. Fire av desse viser noko av mangfaldet som møter beitedyr i utmark.

Dei grasrike kalklågurtengene på Sørarnøya er framifrå storfebeite, men bjørkeskogen står klar til å ta over dersom beitetrykket blir for lågt.

Dei grasrike kalklågurtengene på Sørarnøya er framifrå storfebeite, men bjørkeskogen står klar til å ta over dersom beitetrykket blir for lågt.

På den vesle, vakre Sørarnøya i Gildeskål driv Gjermund Birkeli. Her er vinteren så mild og snøfattig at han treng ikkje byggje fjøs. Han har vore veldig heldig med berggrunnen. I den næringsrike kalkspatmarmoren sto reinrose og orkidear i blomster bortover alle rabbar og småmyrer da eg var der. Dei rike kalklågurtengene som er dominerande vegetasjonstype er framifrå utmarksbeite for storfe. Gjermund brukar mange småteigar med innmarksbeite saman med utmarka. Han gjer ein stor jobb som landskapsskjøttar på øya som kjem til å gro att med bjørkekratt i stor fart dersom dei to storfebuskapane som beitar her blir borte. Det er viktig å marknadsføre at produktet frå utmarksbeiting ikkje er berre kjøt, men også landskap og det særeigne biologiske mangfaldet beiting skapar.

…utmarksbeite er ikkje berre kjøt

Avhengig av skogskjøtsel

Heilt andre vilkår har Anne Dieset som har beitedyra sine i barskog i Åmot kommune. Midtre delar av Hedmark er dominert av fattig sandstein som gjev mykje skrinn beitemark.  I sandsteinen er det mange stadar rikare «berggrunnsvindu». Anne har funne to slike stadar som har godt innslag av gras- og urterik vegetasjon. Men i den tette granskogen er det lite produksjon i undervegetasjonen. Ho er derfor avhengig av eit aktivt skogbruk som gjev hogstflater der lys og varme slepp ned i marksjiktet.

Hereford på grasrik hogstflate i Åmot.

Hereford på grasrik hogstflate i Åmot.

Fjellbeite

Kjell Kaurstad har dyr i fjellbjørkeskog på austsida av Gudbrandsdalen i Ringebu kommune. Dette er same berggrunnskomplekset som i Åmot, men her er det også innslag av skifrig fyllitt som gjev store areal med gras- og urterik bjørkeskog. Langvarig beitebruk gjer at skogen er grasrik og svært gode storfebeite. Det var likevel interessant å sjå at også den smylerike blåbærmarka syntest å vera godt beita, sjølv om det var god tilgang på rikare vegetasjon. Det kan tyde på at beitedyr set pris variert tilgang av vegetasjonstypar.

Hereford i fjellbjørkeskog i Ringebu.

Hereford i fjellbjørkeskog i Ringebu.

Ein fjerde marktype

Heilt sør i Sirdal har Terje Liland dyra sine på ein ås med det vi kallar fuktmark. Dette er ein fjerde marktype i tillegg til dei tre nemnt ovanfor, som er typisk for nedbørrike strok langs Vestlands- og Trøndelagskysten. Furu er dominerande treslag, medan grasarten blåtopp og sivarten bjønnskjegg er svært dominerande i undervegetasjonen. Beitekvaliteten i denne marktypen veit vi lite om. Det finst målingar av næringsverdi i blåtopp som viser bra verdi, men det kan tyde på at dette graset fell tidleg i kvalitet utover ettersommar og haust.

Typisk fuktmark med blåtopp, bjønnskjegg og røsslyng.

Typisk fuktmark med blåtopp, bjønnskjegg og røsslyng.

Slepp tidleg

Forskingsresultat frå Morten Tofastrud ved Høgskolen i Innlandet sitt prosjekt i Stange og Ringsaker, tyder på at ein kan oppnå tilvekst mest på line med innmark frå utmarksbeite, samtidig med at ein sparar store fôrkostnader. Det er viktig at storfe er til stades i utmarka, da storfeet har mykje betre kultiveringseffekt på frodige areal enn sauen. Det eg såg mykje på runden min er at storfeet kjem seint ut i utmarka av ulike årsaker. Mykje slepp skjer ikkje før i juli. Da går ein glipp av den næringsrike nygroen. Seint slepp gjev også mykje dårlegare kultivering da uønska artar rekk å koma i god vokster.

Filed Under: Ukategorisert Tagged With: beite, hereford, utmarksbeite

Se hva som skjer

<< feb 2019 >>
mtotfls
28 29 30 31 1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 1 2 3
Bli medlem i Hereford

Stambokføring

Eldre innlegg

Oksekatalog

Følg oss i sosiale medier

  • Facebook

Kontakt oss i Hereford

LEDER
Inge Grepstad Kristoffersen
915 45 613

AVLSUTVALGET
Idar Hånde
952 55 998

MEDLEMSKONTAKT/HJEMMESIDE
Anne Dieset
482 26 459

RSS Nyheter fra tyr.no

  • Tilsvar til Arne Grønlund 15. februar 2019 Guro Alderslyst
  • Avlsverdier testkandidater 14. februar 2019 Julie Vaagaasar
  • Mordyrlister 14. februar 2019 Julie Vaagaasar
  • Årsmøte 19.-20. mars 14. februar 2019 Eli Hveem Krogsti
  • Rettledning til av og pålessing av storfe 12. februar 2019 Guro Alderslyst

Kontaktinformasjon TYR

Telefon: 952 90 855
E-post: tyr@tyr.no
Adresse: Storhamargata 44, 2317 Hamar
Orgnr: 970 142 223 ORG

Lokallag

Akershus // Buskerud // Hordaland // Hålogaland // Innlandet // Møre og Romsdal // Nordland // Rogaland // Sogn og Fjordane // Sørlandet // Telemark // Trøndelag // Vestfold // Østfold

Raselag

Aberdeen Angus // Blonde d`aquitaine // Charolais // Dexter // Galloway // Hereford // Highland Cattle // Limousin // Simmental // Tiroler Grauvieh //

Hereford © 2019 · Designet og utviklet av Hamar Media AS.
Beskyttet av reCAPTCHA og Googles personvern og vilkår.